Dagboka vår
Vinter 2012

I dag,5.januar sovna vår gode og snille Bella inn.
Ho vart 14 år og 9 månader.
Ho har ikkje vore heilt frisk den siste tida, men likevel har ho ete godt, leika med dei andre hundane og ho var kjempeglad når ho forstod at me skulle ut å gå tur.
Eg har lenge tenkt på at denne dagen nærma seg,der eg måtte ta eit valg,men så lenge Bella var glad og fornøyd og utan smerter,skulle ho få vera med oss.

Sjølv om eg på eit vis var godt forberedt, kom det allikevel så brått på at Bella plutseleg vart verre. Torsdag morgon hadde ho tydeleg smerter som ikkje ville gi seg,og eg såg at ho hadde det vondt.
Me reiste til dyrlegen, og Bella sovna stilt og roleg inn kl.11 om føremiddagen den 5.januar.
No har Bella det godt,og ho er fri frå alle smerter.
Ho har hatt eit langt og godt liv,og eg vil takka Bella for alle dei gode stundene me har hatt.
Eg er glad for at ho fekk vera saman med oss i jula,og eta masse godt pinnakjøt,det var nok livretten hennar, i tillegg ELSKA Bella spaghetti med tomat og kjøttsaus.

Sov godt lille venn......me vil aldri gløyma deg.

Hausten 2011

Har no lagt inn nokre fleire bilder av Nikita .
Me ventar løpetid i september,og visst alt går etter planen blir ho para i oktober.

Sommaren 2011

4.juli fekk me besøk frå Amerika. Tvillingsøstra til Alexandra og hennar familie kom til Fresvik for å vera med oss i nesten 3 veker.
Det er 2 år sidan sist me møttest,så dette hadde me sett fram til lenge.
Jentene fann tonen med ein gang,og dei var uadskillelige dei dagane dei fekk vera saman.
Me hadde nokre fantastiske flotte dagar ilag alle saman,og me har allerede begynt å planleggja neste "treff".

Julehelga 2010

Julafta feira me stille og roleg heime hjå oss sjølve.
Godt å slappe av og berre nyte fridagane.
Nyttårsafta var me ilag med gode venner,stilt og roleg det og:-)

Hausten 2010

I november kjøpte Michelle seg ein ny hund,eller skal
me heller sei KALV Irsk Uvehund som kjem frå ein
kennel i Trondheim. Veldig flott hund,men kanskje litt i største laget. Reknar med at den blir opp mot 90 cm
høg...

Juni 2010
I midten av juni reiste me til Skopelos i Hellas,og var der på ferie i 3 veker. Kjempekjekt å koma nedover att og treffa gode venner.
Første veka budde me på Del Sol,med flott utsikt over havet og alle båtar som la til kai i byen.
Dei to siste vekene budde me heilt øverst i byen,og hadde ei flott utsikt over heile Skopelos by og havna frå balkongen vår. Kva kan vel vera bedre enn å sitja
å nyta eit glas vin ein sommarkveld i minimum 25 grader....?
Sjølv om me hadde 3 veker der nede,gjekk tida altfor fort....men me gledar oss til neste gang...

Mars 2010 - Tur i Skard

Sola er komen tilbake etter å ha vore vekke i 3 mnd. Nikita og eg har hatt nokre flotte turar oppe på fjellet,15.min.med bil frå Fresvik. Der kan ho få springa fritt,sjeldan det kjem ein bil eller andre køyretøy.
Nikita elskar å vera ute,og spesielt når ho kan springa som ho vil. Ho er nok ikkje så glad i å gå i band,og heller ikkje så flink til det:-)

Februar 2010 Foxy
Me har fått oss eit nytt familie-medlem,eller dvs.kjæresten til Michelle har kjøpt seg ei shiba-tispe,som no er ca.4mnd. Foxy er ein utruleg roleg og harmonisk hund,som frå første dag vart godt motteken av dei andre hundane våre. Ho er hjå oss berre i helgane,og då er det full fres fra morgon til kveld.
Sjå bilder på Foxy si eiga side.
Januar 2010
Kulda fortsette utover i januar,og snøen fekk liggja.  Ungane storkosa seg med sigling og skøyte-gåing.
Me har ei flott idrettsbane her,og om vinteren blir det laga is rundt bana så snart været tillet det.  
Alexandra elskar å gå på skøyter, men det er kanskje like kjekt å sigle på rattkjelke frå fjellet og ned i bygda,ein distanse på ca.5 kilometer. 
Me har og fint skiterreng,både oppå fjellet og i lysløypa nede i bygda.            
Desember/jula 2009
Så var det jul igjen,og heile familien har kosa seg heime. Nokre dagar før julafta,var Alexandra,pappa og Nikita i skogen og henta juletre.
Ellers har det vore ei fredeleg jul både for to og fir-beinte:-)  Me har ete for mykje,og trimma for lite..
Det har vore skikkeleg kaldt her,ned mot 20 kuldegrader,og det er ganske mykje på desse kantar av landet.
November 09
I november fekk me masse snø i Fresvik,og Nikita elska å vera ute og leika i snøen.  Ein dag fekk ho seg ein langtur på over 2 timar i skikkeleg kram og djup snø...Ho såg mildt sagt ut som ein snømann då ho kom heim
Etter at ho vart dusja og føna,klarde eg ikkje å få ut kladdane på føtene:-(  Eg måtte berre ta saksa fatt,og ho vart klipt KORT på beina....
Trur Nikita tykte det var heilt greitt
November-09
Tur til Arendal 4.-5.august
Etter utstillingshelga vår på Nesbyen,slappa me av ein ekstra dag på hotellet saman med Ann Kristin,Werner og ungane.
Planen var å reisa på Langedrag,men på mandagen ausa regnet ned,og det vart bading i staden for.
Me reiste vidare nedover til Sørlandet,nærmare bestemt Arendal,og besøkte Trine og Øyvind,og hundane Mathilde,Oda og Sjakk som er bror til Nikita.
Trine klipte ned Nikita,og ho vart berre heilt nydeleg!!
Me hadde det kjempekoseleg,og takkar så mykje for koselige dagar ilag,både på Nesbyen og i Arendal. 
Tur til USA 1.-9.juni 2009
1.-9.juni, var Alexandra,Michelle,Marlen,Sigmund og eg i USA for å besøke tvilling-søstra til Alexandra,Mia.
Det var BBC,London,som sponsa turen,då dei lagar ein TV-serie om tvillingar,der bl.a. Mia og Alexandra er ein av hovudpersonane.
Me mellomlanda først i New York,deretter i Houston, og til slutt i Sacramento der me skulle vera i ei veke.
BBC møtte oss på flyplassen,og dei 2 første dagane var det filming frå morgon til kveld. Ganske så slitsomt,men me hadde og mykje moro.
Dei to jentene fann tonen med ein gang,og var uadskillelige resten av ferien. Heilt fantastisk å sjå korleis dei leika og kosa seg med kvarandre,til tross for at dei snakka to forskjellige språk. 
Me hadde nokre fine dagar ilag alle saman,og det var vanskeleg å ta farvel på flyplassen,då me skulle heim til Norge.
Me vil halda tett kontakt,og om 2-3år,kjem Mia og familien på besøk til oss

Kvelpetreff i Skjeggedal

Laurdag 30.mai reiste me til Skjeggedal for å treffa 4 av søskena til Nikita. Hjørdis og Kari arrangerte kvelpetreff,og 5 Molineux-søsken var samla; Tammi, Mia, Sjakk, Molly og Nikita.
Då me kom på laurdag,hadde Hjørdis og Kari(kanskje hadde Arthur og Tore hjelpt til og) diska opp med kjempegod mat.
Etterpå var me klare for klippekurs, og etter mange gode råd og masse hjelp,vart hundane ganske så fine
Litt utpå dagen,var det feiring av at Balder var blitt Champion-me fekk servert champagne med jordbær og melon, det smakte himmelsk godt!!!
Om kvelden var det grilling, masse puddelprat og (litt) vin
Søndag var det meir klipp,men og tid for hundane til leik og moro. Det var ei flott helg,så TUSEN TAKK til HJØRDIS,KARI,TORE OG ARTHUR. De er supre heile gjengen.

På besøk hjå Mona i Øvre Årdal

I dag har me vore på besøk hjå Mona ,schæferen Balder og den australske terrieren Birk. Balder var ikkje noko særleg glad i Nikita,mens Birk og Nikita vart kjempegode venner med ein gang.  Hadde det skikkeleg moro med hopp og sprett ute i hagen

Utstilling i Førde 26.april 09

Vår andre utstilling var i Førde. Etter lang betenkningstid,gjekk eg sjølv med Nikita i ringen. Var kjempe-nervøs,men det gjekk fint. Sjå meir under Utstillingsbilder/resultater.

Utstilling i Bergen 22.mars 09

Denne helga var me i Bergen saman med Hjørdis,Arthur og Kari på vår første utstilling. Les meir på sida med Utstillingsbilder.

Tur til Skånevik 13-15.mars 09

Fredag reiste me på tur til Hørdis og Arthur i Skånevik. Me tok oss god tid og brukte 8 timar på turen. Vel framme,fekk Nikita endeleg treffa mamman sin igjen,og det var kjekt. Men det kjekkaste av alt var nok å treffa søstra si Tammi,dei fann tonen med ein gang,og var uadskillelige heile helga. Leika og kosa seg skikkeleg.
Laurdag var det klippekurs. Kari kom med Balder og Natasha,og Arnhild frå Sauda med mellompuddelen sin Itzy.
Det vart ein hektisk,men lærerik dag. Hjørdis er berre ein einar når det gjeld klipping! Eg har MYKJE å læra.
Om kvelden kosa me oss med god mat og vin,det vart nok litt for seint i seng...
Søndag gjekk me tur med alle hundane,dei fekk springa fritt og leika seg. Ein flott tur
Takk til Hjørdis og Arthur for ei kjempe-koseleg helg!

Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...
Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

17.12 | 22:24
Foxy-shiba har mottatt 1
Du liker denne siden
Hei!
Prøv å lage din egen hjemmeside som jeg.
Det er enkelt, og du kan prøve det helt gratis.
ANNONSE